Kva er esperanto?


Esperanto er eit språk, men ikkje språket til eit bestemt land eller nasjon: Det er eit nøytralt, internasjonalt språk.


Opphav

Dei grunnleggjande reglane og orda i esperanto blei forslått av Ludwig Zamenhof, ein augelækjar frå Warszawa, på slutten av 1800-talet. Etter nokre år begynte eit verdsomspennande fellesskap med esperantotalande å vekse fram. Frå den tida verkar esperanto (og utviklar seg) som eit kva som helst språk.


Struktur

Esperanto har ein svært regelbunden struktur. Eit system med for- og etterstavingar reduserer mengda med ord som må puggast. Språket er heilt fonetisk, så ein kan alltid seie korleis eit ord blir uttala ut frå skrivinga (og motsett), noko som er med på å gjere språket relativt enkelt å lære.

Storparten av esperantoorda liknar på ord frå latinske, germanske og slaviske språk. Trass dette er ikkje esperanto ein rein blanding av desse språka, det står på eigne bein og liknar strukturelt meir på mange ikkje-europeiske språk enn dei europeiske.


Bruk

Esperanto fremjer likeverdig kommunikasjon. Det vil seie at når du snakkar esperanto, gir du ikkje nokon fordel til eit bestemt folk eller kultur. Dette gir ein atmosfære av likeverd, toleranse og verkeleg internasjonalisme som kjem til uttrykk i internasjonale samkomer, bøker, tidsskrift, musikk, internett, ja også i privat- og familielivet.

Ungdom kan ha nytte og glede av esperanto på mange måtar: overnatte gratis hos folk over heile verda og bli kjent med andre kulturar, ha det moro på internasjonale festivalar, lære på spennande seminar, kome i kontakt med framande språk (og kanskje begynne å studere dei) og kanskje til og med arbeide i og få erfaring i TEJO.


Lenkjer

Kva er esperanto?
Esperanto-informasjon på mange språk