TEJO Pasporta Servo

[ca] [cz] [de] [us] [en] [es] [eo] [eu] [fr] [hr] [is] [it] [il] [lt]

Aliĝi Aĉeti Aktuale

[hu] [nl] [jp] [no] [pl] [pt] [br] [ro] [ru] [si] [sk] [sr] [fi] [se]

Tutmonda Esperantista Junulara Organizo

Globo Pasporta Servo: la tutmonda gastiga reto Globo

Internasjonal overnattingsteneste

[no] Korleis ferierer du?

Likar du å:

  • betala dyre hotellrekningar
  • feriera med naboen (eller nokon annan som du ser heile året)
  • oppleva landet berre gjennom bileta du tok
  • klaga over at dei innfødde ikkje forstår kva du seier
  • "sjå Europa" på ei veke

då er ikkje denne sida noko for deg. Ikkje les vidare! Gå vekk.

Men viss du likar å:

  • betala lite og ingenting for overnatting
  • treffa nye og spanande menneske som tek i mot deg i heimen sin
  • vitja stader berre dei innfødde veit om
  • unngå språkproblem
  • ta deg tid til å bli kjend med landet og folket

då er kanskje Pasporta Servo noko for deg. Les vidare.

Kva er Pasporta Servo?

Pasporta Servo er eit nett av folk som tilbyr overnatting. Nettet har no 1350 vertar i over 85 land over heile verda. For å bruka nettverket som gjest, er det nok å kjøpa adresselista, som blir oppdatert årleg. Då kan du nytta deg av tenesta. Kvar vert har visse vilkår, som t.d. tal på gjester eller døgn, eller om du må melda frå på førehand. Vertane tek ikkje betaling, mange byr endå til på frukost eller velsmakande kveldsmat. Men om de er fire mann som skal vera der ei veke, er det klart at nokre helst ser at de spyttar i litt. Prisen på adresselista dekkjer våre administrative kostnader.

Det er ikkje mogleg. Kvar er fella?

Javel, det er eitt viktig vilkår. Du må læra Esperanto. Adresselista er på Esperanto og alle vertane snakkar Esperanto. Vent litt! Det er ikkje så ille som det høyrest ut. Esperanto er eit lett språk. Lett grammatikk utan unntak, ord du kan kjenna att, alt det du kan ønskja av eit språk. Du kan læra det på seks månadar. Viss du er kjempeflink, er kanskje ein månad nok til å nå opp på eit nivå som rekk til å føra enkle samtalar.

[eo] Esperanto-traduko

 

Renverse